90 ivrige born og ungdomar møtte i Tangenhallen tysdag, for å trene i lag med proffen og landslagsvingen Håvard Tvedten
Eigentleg skulle Tvedten hatt ferie no, men den jordnære karen tykkjer det er gøy å reise rundt i klubbane.
- Det er viktig å gje litt tilbake. Eg brenn for handballsporten, rekruttering er viktig, med handballskulen håpar eg å bidra til nettopp det, seier Tvedten. Godt nøgd med at det også er fleire og fleire gutar som kjem på bana.
Og fyrst og fremst skal det vere moro.
-Ein raud tråd for handballskulen er at deltakarane skal ha ein artig dag, målet er at dei dreg heim med eit smil om munnen, seier Tvedten. Han legg vekt på at treninga skal vere litt annleis enn det ein til vanleg gjer i klubben. Det er fjerde gongen han har handballskule på Årdalstangen, og Tvedten ser klar framgang hjå dei som har vore med tidlegare.
Kjempeopplegg
Etter Årdal står to dagar med same opplegg for tur i Bergen. Før det var han i Stavanger.
Kvifor Årdalstangen, du kunne sikkert samla fleire deltakarar på større stader?
- For det fyrste er det ein fin gjeng, og stor entusiasme. Alt er lagt vel til rette, og er det noko ein manglar, er det berre å ta ein telefon til Anne Kauppi så vert det ordna rimeleg kjapt. Eit veldig godt opplegg, seier Håvard Tvedten.
90 deltakarar
I alt 90 deltakarar i aldergruppa 10-16 år frå klubbane Stranda, Førde, Syril, Bjørn, Lærdal, Jotun og Tangen var med på handballskulen i år. Og gutane var i fleirtal.
- Talet på gutar som spelar handball er faktisk aukande, og det er bra, seier Anne Kauppi, leiar i handballgruppa i ÅTIL.
Etter feire timar med terping på ulike øvingar, vart handballskulen avslutta med fotosession, der deltakarane fekk ta bilete i lag med Håvard Tvedten. Hanballproffen tok seg og tid til autografskriving. I tillegg fekk deltakarane på handballskulen drakt, ball, sekk og drikkeflaske.
Anne Kauppi tykkjer det er flott at Håvard Tvedten vel Årdal som ein av stadene å ha handballskule. Og at han kjem at år etter år.
- Det set me stor pris på, og Tvedten er ein jordnær kar som det er lett å forhalde seg til. Ikkje mykje nykker der nei, seier Kauppi. Ho gjev og ros takk til gode medspelarar i lokalsamfunnet, som på sin måte bidreg til handballskulen. Lærdalsmat og Bama som sponsar mat og frukt, og Klingenberg som ga dei ein god pris for overnatting.
Tekst og foto: Steinar Kvigne
steinar@porten.no