Logo Hydro



ÅTIL skigruppe

Fornøyde løparar fra ÅTIL etter god innsats i Fardalen (©ÅTIL, 2002)AKTIVITET

Skigruppa ved Årdalstangen Idrettslag tel i dag ca 25 aktive løparar over 10 år som deltek regelmessig på krinsrenna i fylket.  Vi har også ein veldig populær skikarusell som går frå Januar og ut Mars månad,det har vore over 170 deltagere på denne dei siste åra. I tilegg så har vi dei 2 siste åra arrangert Fylkesbakcuprenn som er ein verdenscup i Sogn og Fjordane utgåve. Det blir også arrangert aosacup, klubbmeisterskap, påskerenn og det årlige Aosarennet. Skigruppa er veldig aktive på dugnader og det er utført eit imponerande arbeid på Aosahytta; Løypenett, Mariannebu og Stadion.

Skigruppa og Hovudlaget har og planar om vidare utbygging av anlegget.

 

Fra Seimsåsen Cup 5/1-2002 (©ÅTIL)LØYPER

Ivar Jevnaker, Torgeir Jevnaker og Åge Valsvik er ansvarlige for løypekøyringa på Seimsåsen. Dei disponerer ei stor trakkemaskin (95 modell) og ein snøscooter Artic Bearcat (2001 modell). Dei køyrer opp faste løyper på Seimsåsen 1 km, 2 km, 3 km, 5 km og 10 km.

Løyper på Seimsåsen. Fra Seimsåsen Cup. 5/1-2002 (©ÅTIL)Dei køyrer også turløyper til Paradisjuvet og Slettedalen. lysløypa blir køyrt stort sett kvar kveld ved behov. Ivar og Torgeir utfører også vedlikeholdet på køyretøya og gjer ein fantastisk innsats for skigruppa og for alle som nyttar løypene våre. Prepareringa er i ”Verdensklasse”.

 

 

 Krister